Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  A (Mat og livsstil)   >  Kjøtt  >  
   
  Grønsaker
 
Frukt og bær
 
Korn
 
Kjøtt
 
Fisk
 
Oppgåver
 
Lenkjer
 
A B C D

Storfekjøtt (okse, ku eller kalv)

Rundstek
Kjelde: matprat.no (klikk på bilete)

Storfekjøttet kan brukast på ulike måtar, men det er viktig å velje delar av dyret som passar til det vi skal lage. Kjøtt frå framparten av dyret – bryst, bog, høgrygg og bibringe – inneheld meir bindevev og bein enn bakparten. Det treng lengre tillagingstid og eignar seg best til kokte retter. Kjøt frå bakparten – indrefilet, ytrefilet, entrecôte, mørbrad og flatbiff – inneheld mindre bindevev og er derfor mørare og passar til steikte retter.


Av storfekjøttet kan du lage lapskaus, gryter, biff, kjøtt og suppe og mange retter med utgangspunkt i kjøttdeig.


Næringsinnhaldet og spesielt feitt-
mengda i kjøttet kan variere noko
med kva del av dyret vi vel. Storfe-
kjøtt gir oss protein av god kvalitet
(alle dei essensielle aminosyrene),
vitamin B12 og godt med jern.






Neste >