Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  A (Mat og livsstil)   >  Kjøtt  >  
   
  Grønsaker
 
Frukt og bær
 
Korn
 
Kjøtt
 
Fisk
 
Oppgåver
 
Lenkjer
 
A B C D

Svinekjøtt

Dansk kotelettkam
Kjelde: matprat.no (klikk på bilete)


Svinekjøttet inneheld fine fibrar og er difor mørt, same om kjøttet kjem frå framparten eller bakparten av dyret. Svinekjøttet er mildt på smak og kan kombinerast med mange andre smakar. Lettsalta og røykt svinekjøtt kan vere utgangspunkt for mange smakfulle retter anten du startar med røykt svinekam, bayonneskinke, knokar eller bacon.


Av ferskt svinekjøtt kan du lage svinesteik med sprø, knasande svor, ein rask wokrett, marinerte kotelettar, spareribs, orientalsk gryte eller ei varmande ertesuppe.


Næringsinnhaldet og spesielt feittmengda i kjøttet kan variere med kva del av dyret vi vel. Svinekjøtt gir oss protein av god kvalitet (alle dei essensielle aminosyrene), godt med vitamin B1 (tiamin) og ein del jern. Svinekjøtt har eit relativt høgt innhald av umetta feitt, om lag halvparten av feittet i svinekjøttet er umetta.




< Første