Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  A (Mat og livsstil)   >  Kjøtt  >  
   
  Grønsaker
 
Frukt og bær
 
Korn
 
Kjøtt
 
Fisk
 
Oppgåver
 
Lenkjer
 
A B C D

Elg (Vaksen elgokse kan vege opptil 750 kg)

Elg


Elgkjøttet blir ofte delt opp som storfe. Kor mørt kjøttet er varierer med kva del av dyret det er frå. I tillegg er unge dyr mørare enn eldre. Eldre dyr har òg meir utprega viltsmak.


Elgkjøttet kan lagast til på mange måtar, steikjast, kokast, marinerast eller malast opp til kjøttdeig/ karbonade. Generelt kan du lage samme retter med elg som med storfe.


Elgkjøttet er magert, så det er viktig å ikkje steikje det så lenge at det verkar tørt. Elgsteik med ein deilig viltsaus, gode legkarbonadar og kraftige gryteretter er velkjende retter. Men kvifor ikkje prøve Osso Buco, pirogar eller ei smakfull elgsuppe?


Einebær og timian er tradisjonelt viltkrydder, men prøv deg fram med ulike variantar. Tytebær, rognebærgelé og sopp er godt tilhøyr.


Næringsinnhald: Elgkjøtt gir oss protein av god kvalitet, ein del jern og vitamin B.





Neste >