Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  A (Mat og livsstil)   >  Fisk  >  
   
  Grønsaker
 
Frukt og bær
 
Korn
 
Kjøtt
 
Fisk
 
Oppgåver
 
Lenkjer
 
A B C D

Kveite (hellefisk, helleflyndre og storkveite)

Kveite blir seld fersk eller frosen som skiver, filet eller heil fisk. Kveite er den største av flyndrefiskane – kveita kan bli opp til 3 meter og vege 300 kg!

Ho har kvitt og delikat kjøt og blir av og til kalla dronninga mellom fiskane.

Kveite kan lagast til på mange måtar, anten du vil steike, koke eller grille henne. Prøv for eksempel å grille kveiteskiver som har lege i ein spennande marinade eller å omnsbake fisken med grønsaker og servere med ein sprek salsa. (Oppskriftene finn du på www.godfisk.no)

Kveite gjev oss omega-3-feittsyrer og vitamin D.




Kveite
Kjelde: godfisk.no



Neste >