Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  B (Mat og forbruk)   >  Budsjett  >  Elevbedrift
   
  Budsjett
 
Oppgåver
 
Lenkjer
 
A B C D

Elevbedrift

Å drive elevbedrift er ein flott idé som ein kan lære mykje av, som òg kan vere utbytterikt på andre måtar. Når ein skal danne ei bedrift må ein tenkje på mange forskjellige ting. Læreboka nevner desse viktige punkta:
  • Forretningsidé
  • Marknadsundersøking
  • Forretningsplan
  • Budsjett og rekneskap
  • Marknadsføring
  • Arbeid i elevbedrifta
Det er viktig å setje seg inn i alt som er nemnt over, men her skal vi sjå litt nærare på punktet med budsjett og rekneskap.

I ei bedrift har vi budsjett og rekneskap av fleire grunnar:
  • Halde oversikt over planlagde utgifter
  • Halde oversikt over faktiske utgifter
  • Vere ein styringsreiskap i bedrifta
  • Sikre alle eigarar at alle tal blir riktige
  • Grunnlag for innrapportering av inntekter, løn osv. til det offentlege

For å hjelpe elevbedrifter med rekneskapen har vi laga eit rekneark. Last ned fila og lagre henne på maskinen din.