Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  B (Mat og forbruk)   >  Lenkjer  >  Matmerking
   
  Budsjett
 
Oppgåver
 
Lenkjer
 
A B C D

Matmerking

Både norsk og internasjonalt regelverk har føresegner om korleis produkt med eller utan innpakning skal merkjast. På produkt i innpakning skal det vere informasjon om
• varenamn
• ingrediensliste (det det er mest av, skal stå først)
• tilsetjingsstoff
• nettoinnhald
• lagringstid
• vilkår for lagring og bruk
• namn, firmanamn og opphavsstad
• korleis vara skal brukast

På produkt utan innpakning skal det vere
• informasjon om tilsetjingsstoff og stråling
• informasjon om opphavsland (gjeld frukt og grønt)
• frivillig merking i samsvar med regelverket

Merkinga skal vere synleg og lett å lese. Det skal ikkje vere villeiande påstandar om vara eller produktnamn som forvirrar.

Her kan du lese meir om matmerking:

http://www.matportalen.no/
http://www.pasienthandboka.no