Du er her: Hovudsida  >  Eldre historie  >  Eldre historie  >  10 (Samfunn og stat i Noreg i mellomalderen)   >  Til læraren  >  Fagleg tilleggsstoff  >  Skole og konfirmasjon i Noreg
   
  10. SAMFUNN OG STAT I NOREG I MELLOMALDEREN
 
Arbeidsoppgåver
 
Test deg sjølv
 
Kart
 
Portrett
 
Lydbok
 
Til læraren
 

Skole og konfirmasjon i Noreg

Dei første skolane
Dei første skolane i Noreg, som elles i Europa i mellomalderen, var drivne av kyrkja. I kvart bispedømme låg det i samband med domkyrkja ein katedralskole for gutar som skulle utdanne seg til prestar. Dei noverande katedralskolane i Trondheim, Bergen, Stavanger og Oslo kan føre historia si tilbake til 1200-talet. Desse skolane skulle danne grunnlaget for ei seinare presteutdanning, men hadde også elevar som ikkje skulle bli geistlege.

Reformasjonen
Da reformasjonen blei innført i 1536, og kyrkja blei ei statskyrkje, kom i prinsippet katedralskolane under staten. Men også kyrkjelydsprestane fekk eit offentleg oppsedaransvar i kyrkjelydane. Dei blei offentlege embetsmann og hadde derfor eit visst ansvar for at borgarane i staten fekk ei innføring i den kristne trua. Ofte var det ein av hjelparane til presten, klokkaren, som underviste vaksne i kyrkjelyden.

Statlig utdanningspolitikk på 1700-talet
Først på 1700-talet tok staten til å føre ein aktiv utdanningspolitikk. I 1736 blei det innført obligatorisk konfirmasjon i Danmark-Noreg, med tilhørande konfirmasjonsopplæring. Alle skulle lære rett kristentru. I 1739 og 1741 kom dei første lovene som la grunnlaget for eit allment skolestell. Målsetjinga var framleis religiøs. Folket skulle lære å lese for betre å kunne tileigne seg den kristne læra. Dei gamle katedralskolane blei mønster for dei latinskolane som blei oppretta i dei fleste byane. Desse skolane var den første høgare allmennutdanninga i Noreg.