Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  D (Mat og drikke)   >  Oppskrifter  >  Suppe  >  Thailandsk spinatsuppe
   
  Oppskrifter
 
Mål og vekt
 
Oppgåver
 
A B C D

Thailandsk spinatsuppe

Suppe som både varmar og mettar!

(2 pers.)

5 dl vatn
1 hønsebuljongterning
½ pose fersk spinat eller ca 200 g frosen spinat
1 ½ ss margarin
1 ss kveitemjøl
½ boks kokosmjølk
litt koriander og salt etter smak


Framgangsmåte:

1. Fjern dei grovaste stilkane frå spinaten, skyll godt.
2. Kok opp vatn og buljong i ein kasserolle.
3. Ha spinaten i og kok i 5 min.
4. Køyr suppa i ein hurtigmiksar.
5. Smelt smøret i kasserollen og rør inn kveitemjølet.
6. Spe gradvis suppa i smørjamninga og rør godt slik at det ikkje blir klumpar.
7. Ha i kokosmjølk og koriander.
8. La alt småputre i 10 min.

Det går også an å lage ”smørklump” – ei blanding av margarin/smør og mjøl – som du så kan ha direkte i suppa.


Hardkokte egg til suppa
• Kok opp vatn, stikk hòl i egget/egga med ei nål eller eggstikkar og legg det/dei varsamt i vatnet med ei skjei. La egget/egga koke i ca. 8 min
• Del egget i to og legg halve egg i suppa før du serverer.
• Det er også godt med smørstekt brød/rista brød med parmesan til denne suppa.

« Attende