Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  D (Mat og drikke)   >  Oppskrifter  >  Suppe  >  Marokkansk gulrotsuppe
   
  Oppskrifter
 
Mål og vekt
 
Oppgåver
 
A B C D

Marokkansk gulrotsuppe

(2 pers.)

1 ss olivenolje
½ (middels stor) lauk i skiver
½ ss finhakka frisk ingefærrot
½ ss karri
25 g ris
½ kg gulrøter, vaska, skrelte og skore i skiver
5 dl vatn med 1 terning grønsak- eller hønsebuljong
1 ss hakka dill, persille eller 1 ss hakka friske mynteblad til pynt
smakes til med salt og nykvernet pepper


Framgangsmåte:

1. Varm opp oljen i ei gryte.
2. Tilsett lauk og ingefær og la det surre nokre minutt til lauken er mjuk.
3. Tilsett karri og ris og la det surre under omrøring i eitt minutt mendan gryta står på plata.
4. Tilsett gulrøter og buljong.
5. Kok opp og la det småkoke i ca 20 minutt, til risen og gulrøtene er møre.
6. Smak til med krydder.
7. Køyr suppa i ein hurtigmiksar.
8. Pynt med dill, persille eller mynte ved servering.
9. Kan serverast med steikte poteter og/eller smørstekt brød med parmesan.


Steikte poteter
Bruk ferdigkokte poteter, t.d. restar frå dagen før, og steik dei i panna til dei blir gylne og får ei fin sprø skorpe. Legg i suppa rett før servering.
« Attende