Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  D (Mat og drikke)   >  Oppskrifter  >  Suppe  >  Aspargessuppe
   
  Oppskrifter
 
Mål og vekt
 
Oppgåver
 
A B C D

Aspargessuppe

(2 pers.)

5 dl vatn
1 hønsebuljongterning
½ bunt fersk asparges eller tilsvarande hermetisk
1 ½ ss smør
1 ss kveitemjøl
½ dl fløyte (matfløyte)
salt

Framgangsmåte:

1. Knekk av den nedste delen av aspargesen og legg i vatn, salt og buljong. Kok kraft.
2. Hell krafta gjennom ei sil slik at aspargesen som blir att kan kastast.
3. Smelt margarin og rør ut mjøl, spe gradvis med kraft og rør godt mellom kvar speing så det ikkje blir klumpar.
4. Skjer aspargesen i små bitar og ha i suppa. La suppa småkoke i ca 8 min.
5. Hell i fløyte og småkok i 2 minutt til.


Smørstekt brød
• Skjer tynne skiver og legg smør på begge sider av skiva (bruk gjerne tørt brød).
• Stek brødet i panne på veldig svak varme ca. 5 min på kvar side
« Attende