Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  D (Mat og drikke)   >  Oppskrifter  >  Suppe  >  Indisk maissuppe
   
  Oppskrifter
 
Mål og vekt
 
Oppgåver
 
A B C D

Indisk maissuppe

(2 pers.)

1 ½ stilk vårlauk
1 ts karri
1 ts garam masala eller ½ ts koriander
5 dl hønsekraft eller 5 dl vatn med ein hønsebuljongterning
1 dl fløyte eller creme fraiche
Salt og peppar
(kjøtt av 1 kokt høne)
½ boks hermetiske maiskorn
Bladpersille

Framgangsmåte:
1. Rens og hakk lauken, fres i panne m/margarin.
2. Tilsett krydder og la det frese i 1 minutt.
3. Spe med hønsekraft og rør i creme fraiche og kok opp. Smak til med salt og peppar.
4. La suppa koke i 10 minutt.
5. Bland i mais og hønsekjøttet som er skore i bitar og la trekkje i 1 minutt.
6. Dryss klipt persille over ved servering.


Hønsekraft
1 høne
1 oppkutta gulrot
1 stykke oppdelt purre
3 bitar av persille eller sellerirot
1 stk oppdelt lauk
1 ts hele pepparkorn
1 laurbærblad

Framgangsmåte:
Legg dei frosne hønsene rett ned i ein kjele med kokande lettsalta vatn (1ts salt pr. l vatn)
1. Tilsett dei øvrige ingrediensane og la det småkoke i 2 timar.
2. Skum av undervegs. Ta opp høna, avkjøl og sil hønsekrafta.
3. Rens høna for skinn og bein.
4. Velmeint råd: Kok gjerne fleire høns når du først er i gang. Hønsekjøtt og kraft er fint å fryse.

« Attende