Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  D (Mat og drikke)   >  Oppskrifter  >  Salat  >  Pastasalat
   
  Oppskrifter
 
Mål og vekt
 
Oppgåver
 
A B C D

Pastasalat

(4 porsjonar)

2 dl pasta (penne)
-
½ issalat
1 paprika (raud eller fleire fargar)
1/2 agurk eller squash
1 boks mais
-
Bitar av grilla kylling, skinke eller tunfisk

1. Kok pastaen som det står på pakka. Ha pastaen i eit dørslag under rennande kaldt vatn og rist vatnet godt av
2. Bland alt saman til salaten i ei skål
3. Lag gjerne fransk dressing eller rømme- eller yoghurtdressing som du heller over rett før servering

Fransk dressing
1 ss vineddik
3 ss god olje
1 krm salt
½ krm nymalt peppar
1. Ha alt i eit lite glass og rist det saman
2. Viss du vil, kan du tilsette eit finhakka fedd kvitlauk eller 2 ss hakka kryddergrønt (til dømes persille, dill, graslauk)

Rømme/yoghurt-dressing
2 dl rømme, kesam eller yoghurt
½ ts sukker
1 krm salt
½ krm nymalt peppar
-
1 ss finhakka persille eller graslauk
litt krydder

Visp alt saman og prøv deg fram til du finn ein smak du er fornøgd med.
« Attende