Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  D (Mat og drikke)   >  Oppskrifter  >  Salat  >  Agurksalat
   
  Oppskrifter
 
Mål og vekt
 
Oppgåver
 
A B C D

Agurksalat

(1 porsjon)

5-10 cm rå agurk
1/2 dl surmjølk eller yoghurt
1/2 ms sennep
1 ms finhakka grasløk

Slik gjer du:
1 Skyl agurken. Skjer han i strimlar.
2 Bland surmjølk, sennep og finhakka grasløk.
3 Bland i agurken.
4 Hell opp i ein bolle. La salaten stå kaldt ei stund.


Dressing (1 porsjon)
1 ts eddik eller sitronsaft
2 ts olje
1 ts vatn

Smakset med noko av dette:
1/2 krm salatkrydder
1/2 krm urtekrydder
1/2 krm kvitløkpulver
1 ts chilisaus
1 ts finhakka kryddergrønt (dill, persille, grasløk eller karse)

Slik gjer du:
1 Bland alt i ei flaske eller ein liten bolle.
2 Hell dressingen over salaten eller server han ved sida av.

« Attende