Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  D (Mat og drikke)   >  Oppskrifter  >  Salat  >  Tunfisksalat
   
  Oppskrifter
 
Mål og vekt
 
Oppgåver
 
A B C D

Tunfisksalat

(2 porsjonar)

1/2 boks (ca 100 g) tunfisk
2 egg
1 dl djupfryste grøne erter
4 salatblad
1-2 tomatar
10 cm agurk (ca 100 g)
2 ms finhakka dill

Slik gjer du:
1 Hardkok egga. Ta skalet av egga og skjer dei i båtar.
2 Del fisken i mindre stykke.
3 Tin ertene (spyl dei eventuelt under rennande varmt vatn).
4 Skyl grønsakene.
5 Skjer salatblada og agurken i strimlar. Skjer tomatane i båtar.
6 Legg dei ulike matvarene i grupper på eit fat eller bland alt i ein bolle.
7 Strø dill over.
Server salaten med ein rømmesaus eller rømmedressing.

Rømmedressing
2 dl rømme
½ ts sukker
1 krm salt
½ krm nymalt pepar
-
1 ss finhakka persille eller graslauk
litt krydder

Visp alt saman og prøv deg fram til du finn ein smak du er fornøgd med.

« Attende