Du er her: Hovudsida  >  Grunnbok  >  Grunnbok  >  D (Mat og drikke)   >  Oppskrifter  >  Suppe  >  Tom kha gai (Thailand)
   
  Oppskrifter
 
Mål og vekt
 
Oppgåver
 
A B C D

Tom kha gai (Thailand)

(3-4 porsjonar)
4 dl kyllingkraft (vatn + terning)
1 ½ dl kokosmjølk
1 stk kyllingfilet
-
1 strå sitrongras kutta i 5cm lengder
litt galangarot (eller ingefær)
1 stk limeblad
1 fedd kvitlauk
½ krm malt peppar
100 g champignon
½ ss fiskesaus (Nam plah)
1 vårlauk
¼ stk chili
1 ½ dl matfløyte
-
1 ss limesaft
-
Litt frisk koriander

1. Kok opp kraft og kokosmjølk og ha kyllingbitane oppi.
2. Ha i sitrongras, galangarot (rives), vårlauk (finhakka), limeblad (brekk på midten, for å frigjere aromaen), finhakka kvitlauk og chili, nymalt peppar og sopp i bitar og la det koke med 5-10 minutt. Begynn forsiktig med litt sitrongras, galangarot og limeblad og tilsett meir etter kvart om du ønskjer det. Alle smakane gir ganske mykje til resultatet når dei har kokt med ei stund, og for mykje av ein enkelt ingrediens kan bli feil. Stol på smaksløkane dine!
3. Ha i fløyte. Her må du smake deg fram til riktig blanding fløyte/kokosmjølk.
4. Ha i limesaft heilt til slutt, smak deg fram til kor mykje du treng. Limesaft bør aldri koke med supper, safta blir mindre frisk/syrleg under koking
5. Ha i korianderblad i fata ved servering, ikkje i suppa, da blir ho grå og vassen
6. Server godt brød til
« Attende